Ny giv for tango på Haugalandet

Instruktørane i aksjon

I helga blei det arrangert tangokurs på Steinerskulen.

I helga var det nybyrjarkurs i argentinsk tango i Haugesund. Steinerskulen hadde stilt sine flotte lokaler til disposisjon, og det var 30 deltakarar i alle aldre som møtte. Nokon var ganske uvante med både tango og annan dans, medan andre hadde ein del dansesteg i beina fra før. Arrangøren hadde også vore nøydd til å avvisa fleire interesserte. Instruktørane, Annabel Guaita og Oliver Szuts, var henta frå Tango Abrazo i Bergen.

Også for to år sidan blei det gjort forsøk på å starta tangomiljø i Haugesund, men aktiviteten stranda etter ein periode med kurs og dansekveldar på Totalen. Birgitte Torbjørnsen har vore aktiv i tangoklubben i Bergen, og Siv Joanna Meiburg har dansa tango i Tyskland. Nå har dei begge flytta tilbake til Haugalandet, og dei vil prøva å få i gang eit tangomiljø i distriktet. Målet er å få så mange aktive tangodansarar at ein kan treffast og dansa tango med jamne mellomrom.

Deltakarane på kurset kom frå Stord, Halsnøy, Vikebygd, Karmøy og Haugesund, og det var mange godord å høyra om instruktørane og kursopplegget.

Mona Woll Håland har tidlegare dansa sportsdans på høgt nivå. – Eg har ei venninne i Tromsø som dansar tango, og eg synest det virkar som tangofolket har det veldig kjekt. Eg saknar å dansa, og eg hadde lyst til å prøva meg på denne latinamerikanske dansen.

På kurset dansa Mona saman med Fred Ola Bjørnstad frå Stord. Han er svært godt nøgd med kurset, og han seier at han har lenge håpa på at det skulle komma i gong eit tangomiljø på Haugalandet. - Eg og kona har reist nokre turar til Bergen for å gå på kurs, men det er både enklare og kortare å reisa til Haugesund.

Trude Anvedsen frå Vikebygd kom saman med mor si, Kirsti Johannesen, på kurset. Ho var ein av dei yngste som deltok, og ho seier at tango gav meirsmak. – Eg har gått på danselinja på Skeisvang vidaregåande skule, og eg har mellom anna dansa jazzballet, moderne dans og klassisk ballett tidlegare. Nå studerer eg i Bergen, og eg kjem kanskje til å oppsøka tangomiljøet der.

Siv Joanna og Birgitte har fått med seg Jon Magne Svendsbøe og Ragnhild Øverland i ei gruppe som skal jobba for å få på plass fleire tangotilbud i distriktet. Planen er å invitera til eit oppfølgingskurs og eit nybyrjarkurs til før jul. Samtidig har dei planar om å reisa til Stavanger for å vera med på trening og dans der ein gong i månaden. Dei håpar at mange haugalendingar vil oppdaga denne flotte dansen, og dei seier at det absolutt er plass til fleire menn…



ARGENTINSK TANGO

Tangoen oppstod på slutten av 1800-talet i Argentina og Uruguay. Tangoen blei først dansa i bordellar, lugubre kneiper og på gatehjørner. Tangoen er nå blitt freda og har fått plass på UNESCO si kulturarv-liste. Den argentinske tangoen skiller seg frå ballsaltango ved at trinna ikkje er avtalt på førehand, og i prinsippet kan kva steg som helst komma kva tid som helst. Ballsaltangoen har meir rigide standardfigurar, dansegrep med ryggsvai og stakkato hovudbevegelser. Alt dette er heilt framandt i argentinsk tango. I Norge delte tangoen seg i ballsaltango, flat tango (som vi kjenner frå det prøysenske univers) og den argentinske tangoen. I dag kan ein dansa tango i fjorten norske byar. Blir Haugesund den femtande?

Kultur, Dans, Tango, steinerskolen

Kommentarer

Ingen har kommentert her ennå, bli den første!

Skriv en kommentar

Vennligst Logg inn for å skrive kommentar Ny her? Registrer deg

Brukernavn:

Passord:

ingebirg har også skrevet disse

Fant ingen flere artikler skrevet av ingebirg

Artikler med samme tema

Lovebrus & sjokolade fra slikkepott

Noen ganger strømmer barndomsminner på, da er det godt å ha en penn i nærheten så ordene kan gli over ny-trykket papir.

23:23 02.09.2010

Kultur, Underholdning, Barn, minner, mødre, barndomsminner, love brus, sjokolade

Stjal ein sykkel, tror eg angre.

Følelser trenger innimellom å slippes fri, her er tanker blandet med minner og fiksjon i et herlig lite dikt.

23:28 02.09.2010

Kultur, Underholdning

pOliTiKk ElLeR TuLl!

Politikk eksisterer likt som livet selv, også jeg fant meg selv fanget i et politisk øyeblikk en sen sommer kveld.

23:31 02.09.2010

Kultur, Underholdning